Til himmels: Akkurat her. Akkurat no

 Ragnfrid Trohaug
 

Det er himmelen akkurat no,

Det er jordflata akkurat her.

Eg ligg i snøen.

Det går ei rett linje mellom oppe og nede, mellom

Himmel og hav.

Historia som ein gong var, kikkar ned på meg i snøen.

Historia har store stjerneauge som glor på meg, eg stirer attende, og auga
våre slår ei snor mellom før og no.

 

Det kjem snø frå himmelen, frå det som var ein gong. Det er ovenfra og ned;

Eg tenkjer på korleis vi kunne få dette umogelege til:

Lage snøen til himmel,

ta med  oss heile himmelkvelvinga ned hit.

 

Den over Vesterålen,

Den over Island, Mexico og alle stadene med namn som sett seg fast mellom
halsen og drøvelen ein stad.

Krølle himmelkvelvinga saman som ein liten snøball og halde den hardt mellom hendene;

 

Så visste eg kvar eg hadde himmel og preteritum.

 

 

Over alt står vi på tærne for å kome nærare himmelen.

Historia dansar tango med himmelen,

Og vi vil danse med;

trø ein reinlendar med det som var ein gong.

Slenge i veg ein merengue med det som kjem.

Vi er små som hagl, sklette; vi vil danse, vite.

Men vi vil ha ei rett linje frå det som er,

til det som var ein gong.

Ein rett streng mellom presens og preteritum, som forsvinn i språket ein stad.

 

Så vi strekk oss mot himmelbunnen, slik at vi også skal kunne sjå det som kjem.

Loddrett.

Vassrett.

Mens meininga kjem overraskande, dansande i form av snøfnugg.

 

Eg strekk meg mot himmelen med snø i hendene: 

Før,

og no,

og snart,

skal smelte i handa på oss.

 

 

Åpningstekst av Ragnfrid Trohaug framført i rakettlaucheren på
Andøya Rakettskytefelt den 8.2.05 ved åpningen av

Kulturløft Golfstrømmen: Hundreårsmarkeringen i Vesterålen